Det er to nye lærarar på Uskedal skule. Linda Jensen har vi presentert i samband med skulestarten for 6 åringane. Den andre nye læraren er Trine Ljostviet (33 år ), kontaktlærar for 2. og 3. klasse. Trine kjem frå Ølve og bur på heimegarden på Ljostveit. Ho pendlar til Uskedalen kvar dag. Alt kl. 05.30 er Trine på beina. Ferja går kl. 06.30. Då er ho framme i Uskedalen i god tid før skulestart. Trine Ljostveit har utdanninga si frå Unviversitetet i Stavanger, er lektor med master i norsk. Dei andre faga hennar er matematikk, engelsk og KRL faget.

Før ho flytta heim til Ølve har Trine vore lærar på Håland skule, ein nynorskskule i Sola kommune. Ho gler ho seg til å vera lærar i Uskedalen. Fyrsteinnttrykket er framifrå, kjekke elevar og eit fint kollegie. Rektor Odd Steinar Arnesen, fortel at personalgruppa på Uskedal skule er slik: 10 lærarar og 4 assistentar/fagarbeidarar. Ein reinhaldar og ein fagarbeidar frå bygg er knytta til skulen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal