Uskedal Musikklag og Rosendal Musikklag B i samarbeid inviterte i dag til konsert i Rosendal samfunnshus. Det er på mange måtar ei nyskaping. Bortsett frå Veteranbandet sine institusjonsbesøk, er det lenge sidan Uskedal Musikklag har gjesta andre bygder med konsertinnslag. Det var på alle måtar ei fin oppleving og truleg til inspirasjon for begge korpsa. Det vert ei gjentaking med ny konsert i Uskedalen 26. mai. Då er det uskedelingane som er vertsskap.

Fellesnummer med dirigent Finn Opsahl.

Uskedal Muskklag, rett nok utan trommis i dag, opna konserten med innslag av tysk musikk. Bøhmish Liebe med song gjer seg godt. Det er mest som publikum i salen hiv seg på i vakker fellessong. Svingande marsj høyrer også med.

B korpset i Rosendal med historie 26 år tilbake i tid framførte for det meste norsk musikk henta fram frå arkivet. Rikard Nordraak sin Olav Trygvason er mektig og historisk. Det same må vi kunna sei om Ut mot havet, henta frå kantaten Edvard Fliflet Bræin skreiv i 1947. Edvard Grieg Våren minna oss om verskifte og inngangen til meir sommar og sol.

Felleskonserten samla mykje folk. Det var åresal med trkking av nær på 50 gevinstar.

Fellesnummer var alltid ein del av ei musikkstemne. Konserten vart såleis avslutta med ein hymne og marsjen Ivanhoe.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal