I dag arrangerte vi Tinestafett ved Uskedalen skule. Sidan Corona-restriksjonar gjer at vi ikkje kan reisa til Fana stadion som vi pleier, arrangerte vi i år stafetten lokalt på skulen. Vi nytta store deler av skuleløypa vår til dei 8 etappane som kvar var på rundt 200m.

Elevane har dei siste vekene øvd seg mykje, og alle var skikkeleg klare for å gjera ein god innsats i dag. På førehand hadde vi fått tilsendt t-skjorter til alle elevar og tilsette, slik at vi alle var rett kledd for anledninga. Først sprang elevane frå 1.-3.kl, så 4.-5.kl.-elevane, før elevane i 6.- og 7.klasse avslutta. I strålande sol og med nokre entusiastiske tilskodarar langs løypa så vart dette ei kjekke oppleving for alle. Til premie fekk vi alle ein is som SPAR Uskedalen sponsa oss med, og i tillegg fekk vi diplom frå Tine.

Tekst/foto: Odd Steinar Arnesen
Nett: Kristian Bringedal