Tine-stafetten

I går arrangerte vi Tine-stafett ved skulen. Dette er eit arrangement som vi har gjennomført i mange år, og som elevane våre likar veldig godt.

Alle klassane deltok med minst 8 løparar, og sprang gjennom løypa som gjekk frå skulen, opp på fortauet og ned ved Spar, så langs strandstien og opp Geilo, rundt Hagatunet og opp i busslomma, ned rundt Aktivitetshuset og i mål ved Ballbua i aktivitetsparken.

Det er utruleg kjekt å sjå innsatsen alle elevane legg ned, og alle saman sprang så fort dei kunne.

Etter løpet var vi så heldige at SPAR Uskedalen sponsa oss med kva vår is til premie. Tusen takk for det!

Tekst/foto/nett: Odd Steinar Arnesen