Tilskot til skogsveg på Døssland/Feet.
Med vedtak i Formannsskapet vart det løyvd eit tilskot på kr. 159 647,- til skogsvegen på Døssland/Feet. Det same vegprosjektet fekk kr. 50 000,- i tilksot i 2022. Englafjell skogsveglag eig og driftar vegen. Den totale ramma denne gongen var på kr. 300 000,- . Skogsvegen har ei lengde på 1,6 km og er kostnadsrekna til 2,1 mill. kr ( utan mons ).
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal Kjelde: Morten Nygård - Grenda