Ved fylkes- og kommunevalet til hausten kan vi igjen røysta i Uskedalen på valgdagen. Det blei bestemt på kommunestyremøtet på torsdag etter framlegg frå Ove Lemicka (FrP). Dette vart vedteke med knappast mogeleg margin 18-17.
Derimot blir det ikkje røysting i Rosendal og på Husnes søndagen før valgdagen. Eit godt argument mot dette var det at det var merkeleg at ein måtte ha to dagar valg i desse bygdene der innbyggjarane har best muligheter til å førehandsrøysta. Dessutan var det relavtivt få som nytta seg av søndagen til røysting.

Foto: Grenda
t.i.d.