UROA IKKJE VOGNFØRAREN står det på skiltet framme i veteranbussen med registeringsskilt R – 2065, Volvo 1964 modell. Med avgang frå Padlane på Eik laurdag 2. juli kl. 15.00 steig brudlauspsgjestene på langs vegen. Bjørgulv Eik var fyrste påstigande passasjer. Han nytta høve til å sitja framme med sjåføren Lars Wang. Lenger nede i Eikevegen kom fleire gjester til og siste stopp før turen gjekk til Kvinnherskyrkja i Rosendal, var Auto 88. Etter vigsel i kyrkja gjekk turen vidare til Tveito og til den nyrestaurerte løa i Omvikdalen. Så var det heimreis på natta.

Brudlaupsgjestene gjer seg klar for påstiging på Brekketoppen.

Veteranbussentusiast Lars Wang fortel til uskedalen.no at bussen har vore på Eik fleire gonger. Bussen vart mellom anna brukt som mjølkebil i periodar då lastebilen med registreringsmerke R – 2055 var på verkstad, den gongen med Torgeir Øye som sjåfør. Elles vart Volvoen frå 1964 brukt til ulike transportoppdrag. Det kunne vera med tomme kister bak på lastelemmen eller med dyrekassar. Torbjørn Helle, som bur på Løfallstrand, har også mange minne frå tida som sjåfør i ruta Utåker – Sunde – Husnes – Rosendal. Bussen, som vart innkjøpt av HSD avdeling Sunde i 1964, er vel 10 meter lang og har 32 sitjeplassar. Denne helga går bussen i rute under Tysnesfest.

UROA IKKJE VOGNFØRAREN står det på skiltet framme i bussen. Bjørgulv Eik tek oppmodinga på alvor.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Øystein Enæs/ Kristian Bringedal