Tidlegare stortingsrepresentant, Ingebrigt Sørfonn, er talar på møte i Uskedal Bedehus, sundag 27. august kl. 11.
Ingebrigt Sørfonn frå Fitjar er ein sentral KrF. politikar som sat på Stortinger i perioden 1997 til 2009. Han var vararepresentant frå 1983. Sørfonn har vore både varaordførar og ordførar i Fitjar No kjem han til Uskedalen i helga og er talar på møte i Bedehuset, sundag kl. 11. Sørfonn er utdanna bedriftsøkonom og har ei rekkje tilleggsutdanningar mellom anna frå Handelshøgskulen BI. Lista som syner jobb og tillitsverv er lang. I peridoen 2005 – 2009 var han leiar for Israels Vener. Han er økonomileiar i Indremisjonsforbundet, der han også har vore styreleiar frå 1995 til 2003. På møte i Uskedalen vil det vera Sundagsskule for borna.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Pressefoto