Innsamlinga for ny hjelpesending til Ukraina held fram kvar laurdag fram til påske. Sist laurdag var fire TIDE sjåførar samla ved mottaket i Kvinnherad Vekstbedrift sine lokale i sentrum. Alle har vore og er med i det store arbeidet som vert gjort med innsamling og transport, nokre fleire gonger, andre ein gong. Innleverte varer vert grovt sorterte ut frå kva som er pakka i sekkene. Det kan vera kle, sko, sengeutstyr, pledd, teppe, madrasser og liggjeunderlag. Tørrmat og sanitærartiklar vert lagra i eige rom.

  • Jakub Kadyjenski kjem frå Polen, frå byen Rzeszow ei mil frå grensa til Ukraina. Jakub bur på Husnes og tilsett som sjåfør i TIDE. Det var i byen til Jakub president Biden var nyleg då han mellom anna møtte amerikanske soldatar.
  • Renaldas Panevezys kjem frå Litauen. Bur på Steinsletto i Uskedalen. Han er i dag bussjåfør i TIDE, avd. Kvinnherad. Før har han både vore drosjejåfør og køyrt langtransport , mellom anna i Oslo og på Kongsberg.
  • Thor Arne Nygård er fast TIDE sjåfør. Han har vore med på turane og har dessutan vore med på innsamling og opplasting.
  • Tormod Myklebust er den som har flest turar med hjelpesendingar, årlege turar sidan 2006.

I tilegg må vi ta med Leif Jarle Bergstø, mekanikar og TIDEsjåfør. Bergstø har vore med på fleire av turane.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal