Statistikk frå Miljødirektoratet syner at heile ti hjortar er påkøyrde i Uskedalen så langt i 2021. Rød og Ljosnes toppar lista med fem dyr. Tre dyr er påkøyrde i Lio, eit dyr på Børneset og eit dyr på øvre Musland. Ufallet av påkøyringa er også registrert. Fem dyr døydde eller vart avliva på plassen. den andre halvparten vart søkt etter, men ikkje fune. Uskedalen er på 4. plass når det gjeld viltpåkøyringar, etter Stripo på Husnes, Raudstein ( Herøysundet ) og Neslia i Rosendal.

Dei fleste ulukkene skjer mellom klokka 07.00 og 08.00 på morgonen og etter klokka 17.00 på kvelden. Forsikringsselskapa bed sjåførane vera ekstra merksame på dyr i vegen og at ein må dempa farten. Den som køyrer på eit dyr, har plikt til å melda frå til Politiet, som igjen rekvirerer viltnemnda for søk eller for avliving.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Grenda