Helsinga frå Kongen er på plass. Ordføraren i Kvinnherad er med. Det same var ein delegasjon frå sjakklubben Løparen i Bergen og presidenten i Sjakkforbundet sist laurdag. I dag er det familien og kjære vener sin tur, i grupper for å helsa Torvald Karlsen på 100 års dagen. Med kona si, Klara f. Mæland og familien, har han vore fast feriegjest på Nedre Fet i Uskedalen i minst 70 år.

Det velstelte tunet på nedre Fet.

Torvald Karlsen er fødd og vaks opp på øya Kinn, vest for Florø. Mora var frå England. Tidleg flytta familien til Bergen og i dag framstår jubilanten som ein ekte bergensgutt med sterk interesse for fotball der Brann er laget framom alle andre. Ei anna interesse og fritidssyssel er sjakk. Torvald har vore ein aktiv sjakkspelar i sjakklubben Løparen, også adminstrativt. Ein annan hobby er fiske. Han kan alt om fisk og gode fiskerettar. Så må vi ikkje gløyma munnspelet. Det er alltid med i lomma og vert teke fram til glede og hygge i festleg lag. I sitt yrkesaktive liv var Torvald golvbelleggjar og tapetserar, for det meste i fima Bratland på Torgalmenningen, men også som sjølvstendig næringsdrivande.

Torvald er det vi vil kalla ein gentlemann. Alltid høfleg, veltalande og oppmerksam.

Torvald og Klara Karlsen budde i Natlandsvegen på Landås i alle år før dei flytta til Halsnøy. No bur dei i leileghet i Sæbøvik sentrum. Borna deira, Janet og Rune, bur på øya. Ikkje nok med at Torvald er 100 år. Klara og Torvald kan i år markera at dei har vore gifte i 70 år.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal