Thor Inge Døssland - æresmedlem i Uskedal skulemusikk.
På sommarkonsert med Uskedal skulemusikk i båthamna denne veka vart det for første gong utnemnt eit æresmedlem i Uskedal skulemusikk. Det var Thor Inge Døssland som vart utnemnt til æresmedlem for usedvanleg lang og tru teneste for skulemusikken. Han har i ei årrekke vore svært sentral i drifta, som engasjert korpsforelder, medlem av styret og i mange år som leiar. Etter at hans eigne barn vaks ut av skulemusikken, har ikkje engasjementet minka og han er framleis svært sentral for drifta av skulemusikken.
Thor Inge sitt bidrag dei seinaste åra har vore profilering av skulemusikken mellom anna gjennom arbeidet med uskedalen.no og hjelp til styret med ulike oppgåver. Thor Inge er rask til å melda seg når styret treng hjelp med ulike aktivitetar og dei siste åra har han fleire gonger tatt vinterdressen på for å stå utandørs ved Spar og selja adventskalendrar. Thor Inge framsnakkar Uskedal skulemusikk kvar gong anledninga byr seg og viser alltid stor interesse for arbeidet med skulemusikken og dei unge musikantane.
Uskedal skulemusikk takkar Thor Inge for hans store engasjement så langt og håpar det held fram i mange år.
Bilete viser æresmedlem Thor Inge Døssland med det synlege teiknet på utnemninga som Lars Slettebø har teikna, saman med Monica Hermann, leiar i Uskedal skulemusikk.
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal