Laurdag 19. okt. er siste frist for å senda klede, sko og utstyr til Ukraina denne hausten. Lastebilen kjem veka etter og hentar det som er på lageret. Det er mange i landet som gruar seg til vinteren. Ein ny krigsvinter. Det meste er usikkert og vanskeleg. Kvinnheringane veit kva det dreier seg om. Det har dei vist gong på gong. Ikkje alle kan gje meir no, men du som vil vera med, du er velkommen til Ukraina lageret i Uskedalen. Ring 97147851 for avtale om levering. Dei 2 siste laurdagane vert lageret ope ei stund på føremiddagen. Lageret er ope laurdag 12. og laurdag 19. okt. kl. 10 – 12.

Tekst: Pressemelding
Foto/nett: Kristian Bringedal