Frå onsdag blir det ope heile påska.

Thai-vogna har som kjent skifta eigar, og i dag er første opning med ny eigar med salg av nokre utvalde rettar.
Opningstida i dag blir frå kl.14 til 17, og telefonnummeret er 482 94 940.
Frå onsdag er Phakapun Instagarw og mannen hennar Asle Kvittingen på plass igjen, og frå og med onsdag blir det råd å få kjøpt velsmakande thai-mat alle dagane i påska. Opningstida blir frå kl.14 til kl.20.
Alt teiknar til at det framleis blir like hyggeleg å kjøpa seg eit godt måltid i vogna. På bildet over ser vi Phakapun klar til å ta mot kundar. Og alt i dag strøymde kundar til og gav uttrykk for at dei var veldig glade for at dette populære tilbodet held fram.

Dei nye eigarane ønskjer hjarteleg velkommen!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland