Etter ei kjapp prøveopning på palmesøndag, er no Phakapun Kvittingen saman med mannen sin Asle, klare til å ta mot kundar frå kl.14 i dag, onsdag. Thaivogna, sentralt plassert ved Gamleskulen og Spar Uskedalen, har vore eit kjærkome og populært tiltak i rundt 10 år. Gleda var derfor stor då det blei klart at det gode tilbode ville halda fram etter at dei førre eigarane måtte slutta av av helsemessige grunnar.
Eigarane fortel at det blir ope heile påska til og med 2.påskedag, og opningstida blir kvar dag frå kl.14 til 20.
Bestilling på mobilnr.: 482 94 940.

Phakapun byr på velsmakande og sunn mat.

Det blir nok mange som nyt eit godt måltid frå ekteparet Kvittingen i løpet påska, og Phakapun seier at ho gler seg veldig til opninga, og til møtet med kundane som Pornthip Pomngern og Ivar Nesse har fortalt så mykje positivt om.
– Eg er veldig spent i dag, seier Phakapun nokre timar før opninga.

Det blir mykje godt å velja i.

Uskdalen.no kjem med meir frå opningsdagen.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Privat