Tidlegare i dag skreiv vi at Terje Bakke var i semifinalen i EM i bogeskyting i Slovenia. Det stoppa ikkje der. I semifinalen vann han over ein svensk konkurrent, og dermed var han klar for gull-finale mot ein italienar. Også i den skytinga var Terje Bakke sterkast, og dermed var det klart. Han kan no kalla seg europameister i bogeskyting. Etter det vi kjenner til er han den aller første uskedelingen som kan smukka seg med den tittelen uansett idrettsgrein. Vi gratulerer så mykje!!

Uskedalen.no ynskjer til lukke med gullmedaljen.

Etter innleiande rundar med 32 deltakarar i klassen instinktiv var Terje mellom 22 som kvalifiserte seg. 12 skyttarar gjekk vidare til den endelege finalen. Med utslagsmetoden, der to og to skyt mot kvarandre, var Terje klar for semifinalen. Han møtte ein svensk skyttar før han slo italienaren i finalen. Imponerande!!!

Det er 12 deltakarar frå Noreg i EM i bogeskyting. Terje Bakke og Atle Helland skyt også på landslaget ( lagskyting ).

Tekst/nett: Kristian Bringedal/Thor I. Døssland
Foto: Privat/ Skjermfoto frå medaljeutdelinga