Terje Bakke frå Uskedalen, busett på Sunde, er i landstoppen i bogeskyting. Han saman med Atle Helland tevlar også i internasjonale meisterskap. Terje starta med bogeskyting i 2012. Terje fortel til uskedalen.no at Taisto Erinharhju, som var pådriver for å starta Kvinnherad Buejegerklubb, «lurte» han til å kjøpa ein compound jaktboge. Seinare kjøpte han seg vanleg tradisjonell langboge og trepiler. Bilete syner Terje Bakke saman med Atle Helland.

Terje hadde ingen ambisjonar då ein brukte meir tid på å laga nye piler enn sjølve skytinga. Det vart mykje opptenningsved. Skulle ein halda fram med bogeskyting, var vegen tilbake til karbonpiler kort. Bogeskytinga har jo endra seg litt etter me sprang opp i Halsabrotet med heimelaga boger, seier Terje.

Terje Bakke i kjend positur med bogen sin.

For og delta på stemne, må ein vera medlem av NIF. Terje skaut i starten for Stord Bueskytter, så Bergen Bueskytter. Med god aktivitet starta ein opp ny klubb, Kvinnherad Bogeskyttarklubb i 2018. Terje skyt i dag i klassen instinkt, olympisk recurve, utan sikte og stabilisator. Det er i dag 2 ulike greiner innan bogeskyting. Det er vanlig tavle skyting på blink, og skogsgrein. Skogsgrein er skyting på 3D-dyr, og feltskyting på blink i skogen. Dette er igjen delt inn i 5 ulike bogeklassar, to med sikte, og 3 utan sikte, i tillegg er det bogejeger i skogsgrein.

Etter å ha gjort det bra nokre år, ville Terje gå vidare. Det vart etter kvart meir enn ein hobby og oppmoding frå andre klubbmedlemer førte til satsing på nasjonalt og internasjonalt nivå. No er han teken ut på landslaget, og skal representera Noreg i 3D EM, som er i Maribor i Slovenia i starten av september.

Frå starten til no er prestasjonane imponerande med over 10 norske rekordar. 2015: 4. plass NM felt, 2016: 4-plass NM felt, 2018: 4-plass NM 3D, 2019: 5 plass NM tavle, 2019: 4 plass og gull lagskyting 3D, 2021: Bronse lagskyting 3D og sølv lagskyting.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat