Terje Bakke frå Uskedalen er kandidat til å bli Årets namn 2021. Det er Grenda som for 12. gong let lesarane vera med på kåringa ved å gje si stemme til ein av ti nominerte personar eller grupper. Bakke er bogeskyttar på nasjonalt og internasjonalt nivå. Han er fast medlem på bogeskyttarlandslaget. I september gjekk han til topps i EM i 3D skyting i Slovenia. Dermed fekk Uskedalen sin fyrste europameister. Les meir kva du gjer for å røysta på Terje Bakke:

  • Bruk e-post: post@grenda.no
  • Bruk telefon: 53 48 71 00 i Grenda si opningstid kl. 08.30 – 15.30
  • Bruk skjema på Grenda si heimeside eller skjema i papiravisa
  • Stikk innom redaksjonen i Skålagato og snakk med tilsette i avisa

Frist for å røysta: 28. desember kl. 09.00

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto