Torsdag f.k. kan vi ta turen til Kvinnherad Kyrkje og høyra eit svært interessant føredrag med uskedelingen Jørn Øyrehagen Sunde. Jørn vaks opp i Skreo på Døssland, og etter at han flytta ut har han halde god kontakt med Uskedalen og Kvinnherad. Han er kjend både nasjonalt og internasjonalt, og her lokalt er han særleg kjend for det viktige arbeidet for Baroniet Rosendal. Der er han årvisst med interessanne føredrag. For nokre år hadde han fleire temakveldar i Uskedal Kyrkje. Då blei han alltid møtt av ei fullsett kyrkje. Det er ein fryd å høyra på den framfrå forteljaren. Torsdag kjem han altså til Kvinnherad kyrkje og temaet der er “Skottefruen”. Vi gjengir førehandsomtalen i lokalavisa Grenda:

Det pleier alltid å vera mange som vil høyra føredraga til Jørn Øyrehagen Sunde

“Torsdag blir det temakveld i Kvinnherad kyrkje om «Skottefruen» Anna Tronds. Anna Tronds, eller Anna Rustung, var kjent som «Skottefruen», frå 1500-talet. Ho var dotter av admiral og kaprarkaptein Kristoffer Rustung, og ho levde eit eventyrleg liv.
Ho er skildra i nederlandske og skotske kjelder som både vakker og rik, og vart rekna som forlova med jarlen av Bothwell. Ho måtte rømt frå Skotland, etter å ha fått pass av Maria Stuart. Etter dette levde ho eit fredeleg liv i Bergen, og hadde mykje tid på Seim i Kvinnherad, som var adelssete for familien.
Hennar historie har også tilknyting til Kvinnherad kyrkje, der mange meiner ho ligg gravlagd, rett under «kransen» som heng øvst i korbogen.
Torsdag kjem Jørn Øyrehagen Sunde til nettopp Kvinnherad kyrkje for å fortelja om Anna Rustung sitt innhaldsrike liv.
– Me gler oss storleg til å høyra Jørn Øyrehagen Sunde fortelje om denne spanande kvinna sitt liv, melder Leiv Magne Siqveland, for arrangøren Soknerådet i Kvinnherad sokn.

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie, noko han har vore sidan 2007. Først ved Det juridiske fakultet i Bergen, før han i 2019 vart tilsett som professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett i Oslo.
Lokalt er 51-åringen kanskje mest kjent for at han i perioden 2002-2021 hadde ei bistilling som forskar ved Museet Baroniet Rosendal. Han er også ein merittert formidlar.”

Eg reknar med at svært mange av dei som har høyrt Jørn tidlegare, tar turen til Kvinnherad Kyrkje torsdag kl. 18. Sender og ei sterk anbefaling til dei som ikkje har høyrt denne framifrå formidlaren før!

Tekst: Håvar Sætrevik, Grenda/Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian O. Bringedal