Teater i Kulturskulen - Vilde Helgesen frå Uskedalen i dobbelrolle.
Kvinnherad kulturskule inviterer til teaterframsyning tysdag 21. november kl. 17.30 i Kultursalen på Husnes. Maria Malmsten er songpedagog og teaterlærar og har ansvaret for koreografi, kulissar og instruksjon. Framsyninga er gratis og passar fint for familie og mindre born. Maria fortel til uskedalen.no at dei har laga ei fri og improvisert framsyning rundt to barnebøker med bakgrunn i Herr Frosk fryser og Herr Frosk forelsker seg Av Max Velthuijs. Det er forteljar med i stykke. Alle er velkomne til Kulturskulesenteret, tysdag i komande veke. Vilde Helgesen spelar dobbelrolle, både som Haren og som Grusen.
Tekst/nett: Kristian Bbringedal Foto: Maria Malmsten