Talaren på 17. mai i Uskedalen er sjølvaste Arne Torget.
Styringsgruppa for 17. mai i Uskedalen har gjort ein god jobb med å finna talar for dagen. Dei har nemleg fått lovnad på Arne Torget som hovudtalar på nasjonaldagen. På Facebook vert han presentert som: Poet – skald – rimsmed – forfattar – konfransier og kjøgemeister.

Til uskedalen.no fortel Arne Torget at han vil snakka om barn, ungdom og framtid. Og sjølvsagt det vanlige frå 1814 og fram mot notida. Talen for dagen, som i fjor var på Stemneplassen, er no lagt inn i festprogrammet i Aktivitetshuset.
Meir om programmet for 17. mai i Uskedalen kjem i eigne innlegg seinare.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat