Uskedal Utvikling inviterte Dugnadsgruppa på julelunsj torsdag i denne veka. Menyen var smørbrød, kvit dame og ei lite julehelsing.
Dugnadsgruppa gjer ein fantastisk jobb for veldig mange i bygda. Og det står stor respekt for stå-på-vilje og gjennomføringsevne som denne gjengen har. Her er det mange kloke hovud og mykje kunnskap. Gjengen har lagt ned mykje arbeid også i Aktivitetshuset, og styret er svært takksame. Som takk til dugnadsgjengen får dei gratis trening i styrkerommet vårt året rundt. Midt på vineren har dei ein velfortent pause, før dei er klar for meir meiningsfylt arbeid på våren. På vegne for Aktivitetshuset og resten av den vene bygda Uskedalen, seier vi takk og god jul.

Tekst/foto: Per Korsvold
Nett: Kristian Bringedal