Sol, måne, flod, fjøre, vermerke, ja, alt som har med veret å gjera engasjerer og interesserer mange av Uskedalen.no sine lesarar. Eit innlegg om lufttrykket og barometeret førte til gode tilbakemldingar. Takk til dei som reagerte på oppmodinga om å la oss få vita barometerstanden kring 12. februar. Les meir.

Lufttrykket vert målt i hektoPascal ( hPa ).

  • Torgeir Øye målte 1055 i Halsabrotet byggefelt
  • Bjørgulv Eik målte 1048 på Eik, 65 meter over havet
  • Øystein Enæs målte 1044 på Eik
  • Hans Ordin Østebø målte 1058 i Halsabrotet byggefelt
  • Kurt Haugland, som har påliteleg målestasjon, registrerte 1043

Til informasjon kan vi sei at Noregsrekorden er 1061, målt i Dalen i Telemark 1907, 72 meter over havet. Verdsrekorden er 1084, målt i Sibir 1968.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Øystein Enæs