Håpar å få gjort så mykje som mogeleg før regnet kjem.

Ein fastastisk Festidalen-fest er over, og no er det berre oppryddingsarbeid igjen før dei som har delteke i arrangementet, kan kvila litt på laurbæra. For ein dugnadsinnsats!!!
Då eg var oppom like før kl.10, var allereie mange i arbeid med å rydda opp etter årets store fest. Men dei ønskjer fleire velkomne til å hjelpa til med arbeidet. Derfor er oppfordringa: STILL OPP!! MED FLEIRE HENDER GÅR DET FORTARE!!
Vermeldingane utpå dagen er ikkje dei beste med mykje regn. Derfor er det svært viktig at så mykje som mogeleg er gjort før regnet set inn.

Eit lite knippe bilde tatt i full fart viser ein liten del av aktiviteten. På bildet over ser vi Egil Heimvik og kona Inger Hjønnevåg i ferd med nedriggingsarbeid av scenen. Eg registrerte at det var mange Hjønnevågarar i den gjengen.
Elles var som vanleg alle aldersgrupper med på dugnadsarbeidet. Dette kan beskrivast ved at då eg kjørte ned frå Dønhaug, møtte eg ei mor med barnevogn!

Pyntegruppa var godt i gong med å ta ned det vakre pyntearbeidet sitt. Dei skal ha sin del av æra for den utruleg flotte arenaen, og i bygda elles. Her er det Edle Lomheim som tar ned teskjortene på Skulebruo mens dei enno er tørre.
Elektrikargruppa var også i full sving. Her er det ungdommen Tobias Berge-Soldal som monterer ned lysa i teltet ved inngangen.
Stig Berge-Soldal og Roar Musland får kunsten på lager og sikrar den slik at den også kan brukast neste år.
Tre sentrale og positive karar, Steinar Haugland, Audun Eik og Svein Ove Kjerpeseth, har god kontroll på det som skal gjerast. Det skulle ha vore kjekt å visst timetalet dei har hatt på Dønhaug siste veka!! Ja, og mange tidlegare år!!
Tekst, bilde og nett: Thor Inge Døssland