Ta turen over Skårhaug og legg helsing, teikning eller juleynskje i Nissekassen.
Den raude nissekassen vert å finna på Skårhaug i jula. Etter den vellukka opninga torsdag i denne veka, med lysmarsj, musikk og program, vil ein oppmoda barnehagane, skulen og andre til å ta turen over Skårhaug. Børsdalsnissen har det travelt i førjulstida, men han vil truleg lura seg opp på Skårhaug for å sjå kva som ligg i kassen. Kjenner vi Niseen rett vert det nok ikkje på høgljos dag, men helst i skumringa eller i myrke natta.
Meldar