Vil du nyta kaffi og nysteikte vafler i nydelege omgjevnadar – på gamle tufter, i morgon ? Då kan du ta ein søndagstur opp dalen i Uskedalen. Servering frå kl halv 12 til kl 15, frå grendahuset Vonheim – som ligg rett ved vegen 5 km opp dalen. Kaffien kan du enten nyte inne i Vonheim, eller utanfor, eller du vandrar dei få metrane bort til parken rundt skulemuseet. Velkomen på ein koseleg dalatur. Skulemuseet er ope. Kom og sjå lærargalleriet.

Tekst/foto: Møyfrid Kristoffersen
Nett: Kristian Bringedal