Suksessen med den sosiale, velsmakande og rimelege middagen på Bygdakafèen held fram.

Torsdag 27. april er det igjen mulighet for å nyta middagen i Gamleskulen. Då drar Liv Astrid Myhre i gong ein ny Bygdakafè i samarbeid med Uskedal Utvikling. Det blir den tredje i rekkja, og alle gongene har det vore veldig triveleg med god drøs og nydeleg mat; først med betasuppe som smakte himmelsk og så under kunstutstillinga då hovudretten var nydeleg krema kyllingsuppe. Begge gongene fekk dei som kom ein kjekk sosial stund i tillegg til smaksopplevinga. Gjestene tok seg god tid, og det var mykje god drøs og svært god stemning rundt borda.
Denne gongen stiller også Liv Astrid og mannskapet hennar med svært så fristande meny. Hovudretten er gryterett ala Liv Astrid med potetmos. Til dessert serverer ho Dronning Maud pudding av beste slag!
Serveringa startar kl.13, og det er ope til kl.17.
Velkomne til ei kjekk stund rundt middagsbordet, helsar vertskapet!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Liv Astrid Myhre.