Om ei veke er det klart for bokslepp av den første boka til Uskedal Historielag i serien “Den nære fortida”. I samband med det oppfordrar Uskedal Historielag dei som kjem, til å ta med eldre bilde og tips til emne det kan skrivast om i komande bøker. Når det ruskar i hausten ute, er det koseleg å sjå gjennom eldre bilde. Vi er då svært takksame om de legg nokre bilde i ein konvolutt som de merker med namn. Vi er interessert i bilde frå spesielle hendingar og kvardagsliv, ja, mest alt mogeleg. Då kan vi låna bilda, skanna dei og levera tilbake. Fint om de også legg opplysningar om bildet t.d. namn og hending i same konvolutt. Mykje av det vi skriv om blir frå 1940 til 1970-åra så det er nok mange som har aktuelle bilde. Sjølvsagt er vi svært interessert i eldre bilde og.
Dei som er på facebook får jamnlege oppdateringar frå Uskedal Historielag på facebooksida til laget. Den har no heile 497 følgjarar.

Ein god gjeng slappar av i hytteveggen på Fjelly. Framme f.v.: Audun Eik, Ingolf Musland og Årstein Eik. Bak f.v.: Åge Nerhus, Jens Musland, Arne Terje Haugland og Hans Gustav Mussland.
Framhaldskulen på tur til Haugesund i 1964. Lærar Peder Kjærland heilt til venstre, og saman mange kjende ansikt ser vi også to medlemmer av skriftstyret, Torkel Stensletten og Harald Sætre.
Mange kjendisar og enormt med folk besøkte Uskedalsdagane. Her forevigar Birger Myklebust Øystein Sunde og Ivar Medaas då dei hadde eit uforgløymeleg show.

Vi har mykje stoff under arbeid, men vi er alltid interesserte i tips om nye emne det kan skrivast om. Slike tips og punkt frå minne de har, er det også fint om de legg i ein konvolutt og leverer dei i skriftstyret. Veldig kjekt er det om nokon kan melda seg til å skriva heile artiklar.
Dette er viktig, for di fleire som bidrar slik, di betre blir dei komande bøkene.
Boksleppet er som kjent laurdag 12. november kl.12 i Gamleskulen. Då kan de henta førehandskjøpte bøker, kjøpa bøker(kontantar eller vipps (76 38 03, Uskedal Historielag) viss de ikkje alt har gjort det og i tillegg få informasjon om arbeidet og musikk.
Før det håpar vi at mange kosar seg med å bla gjennom eldre bilde. Det er kjekt det!! Medan de les dette kan de henta inspirasjon frå desse bilda som alt er komne i arkivet. Bildet øverst har Harald Sætre tatt under ein fotballkamp på Heio i 1966. Vi ser sentrale spelarar på laget som den hurtige målsniken Ingolf Musland og den stødige senterhalfen Halvard Døssland.

Teatergruppa i Uskedal ungdomslag var utruleg aktive i ein lang periode. Kva spelstykke er dette frå, tru? Jo, det er Fredlaus. Scenekunstnarane er Harald Hjønnevåg, Gunnvald Friheim, Margit Eik og Jon Steinsletten.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Gunnvald Friheim og Harald Sætre