Visste du at Uskedalen har ei døgnopen miniboksamling på Sandakaien ? Konseptet i bokbua er: Ta ei bok – legg att ei bok. Her finn du sommarlektyre i ulike grenre. Det kan vera bøker i ymse format, nokre er nye , andre er brukte. Du kan vera heldig å finna godbitar, ikkje minst med lokalt innhald eller bøker som er toppar salslistene og som vert rekna som bestseljarar.

Då uskedalen.no var innom bokbua var alt rydda og fint presentert. Ein liten benk innbyr til å ta ein pause i kvardagen med ei bok. For alle gjester i båthamnene og på Rabben Ferisenter må dette vera eit ideelt tilbod. Har du gløymd å ta med bok i båten eller på hytta, finn fram til den vesle raude bokbua. Det er eit gratis og trivselsfremjande tilbod. God lesnad.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal