I dag, 22. mai for 80 år sidan, kom tvillingane Halvard og Per til verda på Døssland i Uskedalen. Ti år etter, 16. juni, fekk dei ei syster som fekk namnet Tora. Foreldra var Åsta ( f. Kjærland ) og Kristen Døssland. Tvillingane Halvard og Per kan såleis høgtida 80 år i dag. Litt seinare i juni er det Tora sin tur med sine 70 år. 230 års jubileet vart markert på Dønhaug sist helg med to dagars samling for familien med tilsaman 9 born og 21 barnebarn. Om alle borna hadde levd, hadde det vore ti i talet. Trist er det å ta med at eine guten til Gudrun og Halvard, Dan, omkom i ei tragisk bilulukke i 2003. Bilete syner syskenflokken, f.v: Per, Tora og Halvard.

Syskenflokken er fødde og vaks opp på bruk 1 på øvre Døssland.

Per har i sitt yrkesaktive liv vore lærar på vidaregåande skule og i vaksenopplæringa i Risør bortsett frå eit år i Norheimsund. Men, det heile starta med lærarjobb i Hammerfest der han møtte Inger Marie som vart kona hans. Forlovaren til Inger Marie var ei dame med namnet Gudrun, ho som så vart kona til tvillingbroren Halvard. Per har i åra fram til pensjonsalder hadde ansvaret for sertifisering av arbeidarar i oljerelaterte yrke. Familien har hytte i Kvinnherad.

Halvard kom fyrst til verda av tvillingane. Halvard har vore bonde, kontorarbeidar på SØRAL ( No: Hydro Husnes ) og ein aktiv og profilert person innan sauehald og organisering og drift av beitelag i Fjellhaugen og på Bjørnebøle. Hest er også ei interesse vi må ta med. Ikkje alle veit det, men Halvard var den fyrste leiaren i Kvinnherad symje- og livredningsklubb. Han var symjeinstruktør og stod for mange symjekurs rundt i bygdene i Kvinnherad. Oppgåva hans var også å læra opp nye instruktørar.

Tvillingane Halvard og Per var begge aktive i Uskedal idrettslag, særleg innan ski. fritidrett og fotball. Dei laga skirenn i bygda for born og vaksne, fann løypetraseen, gjekk opp skisporet og gjennomførte sjølve skirennet. Hallvard var formann i ungdomslaget i to år, 1974 og 1975.

Tora som fyller 70 år 16.juni, er lærar med grunnutdanning frå lærarskulen i Bodø. Seinare tok ho vidareutdanning på Stord, der ho saman med mannen sin, Dag Eirik Eikeland, har vore busett. Eldste dotter deira bur med familie i Canada. Det var dei som hadde den lengste reisa for å vera med på familiesamlinga på Dønhaug.

Uskedalen.no helsar jubilantane og ynskjer dei mange gode og aktive år framover.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal