
Syner fram produkt frå den nye katalogen.
Tilsette på Kvinnherad Vekstbedrift syner stolt fram nokre av produkta verksemda lagar for sal. Bord og benker er sette fram på kaien deira i Beinavikjo. Vi finn dei same produkta i den nye katalogen, tilsaman 18 produkt og tenester. Arbeidsgjengen på bilete er klar for ulike arbeidsoppgåver. Nokre skal ut på rydding og hagearbeid. Andre er i vedgruppa. Nokre er i transporten og syter for henting og levering av varer. Treprodukta vert laga på verkstaden i Beinavikjo. Vi seier berre: Ta turen nedom avdelinga i Beinavikjo og sjå nokre av produkta.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal