Ved Uskedalen skule har vi dei to siste dagane gjennomført Sykkelkids. Dette er ein del av trafikktryggingsaktivitetar som vi har ved skulen vår. Det er Sykkelskulen som er ansvarlege for aktivitetane desse dagane, medan det er fylkeskommunen som støttar oss med midlar til gjennomføringa. Elevane i 4.-7.klassen har difor fått både teoretisk og praktisk opplæring i bruk av sykkel. Kvar gruppe har starta kvar dag med litt teori i klasserommet. Seinare har dei fått prøva seg på to ulike sykkelløyper på skuleplassen, med mange ulike hinder og utfordringar. Dei ansvarlege frå Sykkelskulen hadde ein skikkeleg sykkelkontroll før elevane tok til med øvingane, og det heile vart avslutta med ein sykkeltur i trafikken.

Sykkelløype er ein av mange aktivitetear.
Tekst: Odd Steinar Arnesen
Foto/nett: Kristian Bringedal