Dansegruppa som stod for nyttårsdansen i Helgheim ynskjer å få til swingkurs i Helgheim. Dagane er fredag 27. og laurdag 28. januar. Instruktørane er Arne Jostein Jensen og Britt Jorunn Stranden. No har du sjansen til å læra deg swing eller friska opp det du kan frå før. Uskedalen.no snakka med Arne Jostein og Britt Jorunn nyårsafta. Dei bur i Norheimsund og har hytta på Skorpo. Arne Jostein er båtbyggjar og vaktmeister på Fartyvernsenteret . Britt Jorunn er utdanna spesialpedagog og er til dagleg SFO leiar. Kurset er lagt opp slik at ein lærer det grunnleggjande med ulike turar og stega som høyrer dansen til. Det er viktig å få fram at dette er swingkurs for alle. Påmelding innan 15. januar til Randi Knudsen på telefon: 958 00 632. Meir informasjon om frammøtetid kjem seinare.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal