Svingen på Leite skal vera ferdig utbetra innan utgangen av mai.
Svingen, som på folkemunne er kalla Myhresvingen, vert utbetra. Namnet er ikkje historisk rett og Knut E. Skåla har eit lesarinnlegg i Grenda i dag der han presiserer namnebruken. Plassen er Teigen og Leite. Uansett: Arbeidet med utviding av svingen er starta. Arbeidet er lova å vera ferdig innan utgangen av mai månad. Kvinnherad kommune dekkar 50 % av kostnaden, avgrensa opp til kr. 300.000,- . Meirkostnader er Vestland fylke sitt ansvar. Det skal koma natursteinmur langs den nye vegkanten. Utvidinga vil føra til betre kurvatur, breiare veg og betre sikt. Fylkeskommunen skal stå for grunnavtalar. Vegen er alt kantforsterka og utbetra på yttersida, klar for asfaltering.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal