Turbokboksen på Skårhaug er svensk og har sin spesielle historie. Boksen, laga i kopar, er ei gåve frå Ester og Odd Mørstad. Odd kjem frå Hafslo i Indre Sogn. Ei syster til mor hans var gift og budde i Trelleborg i Sverige. Ein gong ho var heime på tur i Hafslo, la ho merke til at dei hadde ein liten og skrøpeleg postboks. Dette måtte det gjerast noko med. Ny boks frå Trelleborg kom på plass i sognebygda. Neste stopp var Bergen. Her vart rett nok ikkje boksen brukt, men Ester og Odd tok vare på postlådaen, som namnet er på svensk.. Ved flytting til Uskedalen var boksen med på flyttelasset. Boksen med tre hol i botn har fått eit nytt liv på Skårhaug, det som vert rekna som Noregs lågaste topppunkt med tilrettelagt turveg. Ta turen og sjå den vakre turbokboksen.

Svensk turbokboks på Skårhaug.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal