Etter å ha lege brakk nokre år er det med stor gleda og stoltheit vi kan melda at Flexibridge på ny er klar til å tilby sine produkt til den maritime marknaden. Sveinung Pile er tilsett som dagleg leiar og har alt starta jobben med å løfte selskapet fram att i lyset. Mykje av jobben har bestått i organisering av delelager og systematisering av produksjonsteikningar, men det har også vorte tid til litt kundekontakt: “Allereie i fyrste samtalen med tidlegare kunde av Flexibridge fekk eg kjensla av at dette er eit selskap som er sakna av kundane. Historikken til selskapet er rett og slett imponerande og det å få ta leiing i dette nye kapittelet i Flexibridge si historie er ei oppgåve eg ser på med stor iver og godkjensle» seier Sveinung i ein kommentar.

Arbeidet med å gjenreise Flexibridge er godt i gong og allereie i august meldte selskapet sin ankomst på fiskerimessa Aqua-Nor i Trondheim. Tilstadeveringa her nytta selskapet til å knyta ny kontakt med tidlegare kundar og kjente av selskapet.

«Fiskerinæringa har vore, og kjem til å bli svært viktig for Flexibridge. Vi har tidlegare vore for hoffleverandør av bruløysingar å rekne til enkelte rederi, og det er utruleg motiverande å sjå kva mottaking vi har fått hos enkelte kundar etter å ha teke kontakt om nysatsinga. Sjølv om selskapet satsar friskt med nye folk ombord har vi mange flotte referansar på blokka, seinast i 2020 leverte FlexiBridge ei moderne bruløysing til det som vart kåra til årets skip, nemleg brønnbåten «Ro-Vision», seier Sveinung stolt.  

Hausten skal elles nyttast til vidareutvikling av produktrekka samt lansering av spanande produktløysingar til nye og eksisterande kundar.

Ny heimeside er lansert på www.flexibridge.no

Om Flexibridge
Flexibridge har sitt opphav på haugalandet der det i si tid vart stifta rundt år 2000 av tilsette i firmaet Hatteland. I 2004 vart firmaet kjøpt opp av selskapet Steinsvik. I seinare tid har ikkje selskapet drive noko form for aktivt sal og produkta har såleis berre vore levert til nokre trufaste kundar. Blant kundane er selskapet kjend for å levera kvalitet på øvste nivå og dei er føretrekne av svært mange reiarlag og verft langs norskekysten. Produktrekka består i hovudsak av arbeidsstasjonar og komplette bruløysingar for navigasjon, operasjon og kontroll på brua.

Om Fonna Vekst
Fonna Vekst vart stifta sumaren 2021 av ei gruppe investorar frå Kvinnherad som har det til felles at dei ynskjer å skapa aktivitet i lokalsamfunnet basert på si lange erfaring frå maritim bransje.

For vidare informasjon kring Flexibridge, kontakt dagleg leiar Sveinung Pile på telefon 97 65 83 67
For vidare informasjon kring Fonna Vekst, kontakt styreleiar Styrk Bekkenes på telefon 40 40 35 20

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal