I dag er siste tysdagen i denne månaden, og då var det klart for årets første allsongøkt med Rustne Menn. Mange hadde trassa regnveret for å vera med på allsongen, og stemninga var som alltid god. Rustne Menn opna med Creedence Clearwater Revival-klassikaren “Who’ll stop the rain” før dei inspirert at Tv-serien om Demenskoret hadde øvd inn “Can’t Help Falling in Love”. Deretter var det klart for nokre av Johannes Kleppevik sine vakre songar. Eit flott innslag var det då Rustne Menn inviterte ein frå publikum til å vera med på skipslokke på “Hurtigrutesongen”. Svein Jarle Legland tok utfordringa på strak arm, og med klokkespelet gav han songen den rette skipsstemninga.
Nordhordlandsinnslaga slutta ikkje med Kleppeviksongane. Salhuskvinntetten sin “Singel og sand” ljoma også i Gamleskulen. Det same gjorde Erik Bye sin “Gå til onkel” og Sputnik-klassikaren “Zansibar”.
Rustne Menn avslutta songøkta med Vestlandsfanden og Reidar Brendeland sin “Du venta på meg”. Denne var spesielt tileigna solisten for dagen, Svein Jarle, då dette er ein av hans favorittar.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland