Påskekonkurransen til Spar Uskedalen og denne nettsida er vel i hamn. Det er kjekt å høyra av tilbakemeldingane at mange har sett pris på den. Ekstra kjekt er det at dn har engasjert alle aldersgrupper; – både barn og vaksne.
Løysningane på del 1 var mest 100% rette. Det er flott! Men det er også kjekt å høyra at det ikkje har komme gratis. At songen har vore ein del av løysningsarbeidet på del 2 i ein del heimar, er kjempeflott! Av resultata ser vi at nokre har sakna “Bjørnen sover” og “Bæ, bæ lille lam”.
Del 3 har nok kravd ein god del grubling. Veldig imponerande at 22 har komme fram til dei 13 rette namna. I tillegg forstår eg godt tankegangen fram mot nokre av dei “feil” svar, men denne konkurransegeneralen er eigenrådig og ubetaleleg streng!

Svara i påskekonkurranse.

Skjulte land og kjende byar.

  1. «Du får huska og vatna orkidèen ein gong i veka», sa Gro til den mannlege og litt hjelpelause kunden.(Århus)
  2. «Jøsses mann, eg har aldri fått så svære torskar og steinbitar i garnet før», skrytte Bjarten etter den vellukka fisketuren til Skorpegavelen.(Riga)
  3. «Då eg blei gammal, møtte eg ungdomskjærasten igjen, og då sa det berre pling i boksen», fortalde den fornøgde bestemora.(Malmø)
  4. «Dette var så godt at eg kan eta pølse og potetmos kvar dag», sa ungkaren då han klappa seg på magen etter middagen. (Moskva)
  5. «Vi såg svaner i tre andre vatn enn Opsangervatnet då vi gjekk den lange turen på Postvegen for to år sidan.»(Eritrea)
  6. «Eg blei berre invitert på to slottsmiddagar i mi lange karriere», skreiv den kjende politikaren i memoarane sine.(Oslo)
  7. «Jammen hadde det blitt mange flotte teateropplevelsar om alle skodespelarar hadde vore like dyktige som Heide Steen, Juster og Bjørgulv Eik.(Roma)
  8. «Det er viktig for Harald Nilsen Tangen å ha markert seg godt på Viking-midtbanen med tanke på proffkarriere i utlandet.»(Hamar)
  9. Han var så ille plaga med luft i endetarmen i alle stressa situasjonar at han ikkje visste kva han skulle gjera.(Armenia)
  10.  «Frå mandag til fredag opnar vi klokka 6 grytidleg om morgonen», fortalde Kjersti og Gunn Mari då dei presenterte butikken.(Narvik)
  11. «Når eg klipper ungdommar, brukar eg ei spesialsaks som flyt så lett gjennom håret at der er ein draum», forklarte Ann Kristin då ho fekk skryt for alle dei spreke frisyrane.(Peru)
  12. Dei spreke påsketuristane trong verkeleg ein skikkeleg god vask i enden av den åtte dagar lange turen dei hadde lagt bak seg over fjellet!(Skien)
  13. Ut på natta høyrde vi alle rundt bålet sang «Ola Tveiten» og «Kom mai du skjønne milde» av full hals.(Angola)
  14. «Kaja, pannekaker med blåbærsyltetøy trur eg er det aller beste du veit», sa Vegard til søstera ved middagsbordet på ein heilt vanleg måndag.(Japan)

Sangar for barn og vaksne:

  1. «Bjørnen med sin lodne fell.»(Blåmann)
  2. «Og da de så var kommet ned
    kvirrevirrevitt bom bom»(Det satt to katter på et bord)
  3. «Syntes at veien var så interessant,»(En elefant kom marsjerende)
  4. «Ikke mer slit i dag
    Ikke mer sele-gnag»(Kveldsong for Blakken, Fola, fola Blakken)
  5. «men ei skilles fra vennen min
    uten å felle tårer!»(Hvem kan segla)
  6. «Han fikk snue etter han kom hjem»(Tusenbein)
  7. «Og mannen han tenkte med sjølve seg,
    heifara, ….»(Kråkevisa, Mannen han gjekk seg i vedaskog)
  8. «Over eit fjell, gjennom ein tunell, over ei bru…»(Vestlandet)
  9. «Så kom solen og skinte på min hatt.»(Lille Petter edderkopp)
  10. «Det er fordi eg elsker alt det grønne,»(Se min kjole)
  11. «Så kom en konstabel, spurte kva det var,»(Tre små kinersere)
  12. «En til far og en til mor.»(Ro, ro til fiskeskjær)
  13. «….han tok seg ein stein uti neven,
    dugleg han då til reven slo.»(Pål sine høner)

Finn fornamn:

  1. Positiv å drikka av(Jakop)
  2. Elska å gå på(Kjersti)
  3. Ro og velståande(Fredrik)
  4. «Ikkje tvil!»(Trude)
  5. Til håret svenskevondt(Kamilla)
  6. Mmmmmmm(Emma)
  7. Er kompis(Even)
  8. Fugl, før t(Anders)
  9. Maria utan fengsel(Møyfri)
  10. Sist og urokkeleg(Åsta)
  11. Vatn rundt kuling(Øyvind)
  12. 0,1 da brei(Arvid)
  13. Rett drikk(Bente)
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland