Svaneparet har fått ongar
Går du på tur langs strandavegen møter du kanskje på svaneparet med tre ongar.
Svaner er kjent for å danna sterke parbånd. Mangen par forblir saman livet ut. Svanepar samarbeider om å byggja reir, ruga og beskytta ongane. Hannen er vanligvis større enn hoa og er svært opptatt av å forsvara territoriet sitt. No når dei han ongar kan dei vera svært territorielle og jagar bort dei som kjem for nær. Ongane føl foreldrene tett dei første månadene og lære av dei kor dei finn mat og korleis dei unngår farar.

Vi får håpa at dei tre ongane klare seg. Ofte overlever 2-5 ongar frå eit normalt kull. Rovfugl og mink er ein stor trussel for svaneongane.
Foto/tekst/nett: GM Moberg