Dersom du går på turvegen langs Stølavikjo, vil du møta på eit vakkert svanepar med fire ungar. Svanene med ungane er ei årleg hending på denne tida. Svaner er ei gruppe av andefuglar og i Noreg finn vi tre artar, songsvaner, knoppsvaner og dvergsvaner. Svanene i Uskedalen er som oftast knoppsvaner. Det kan du sjå på fargen på nebben og korleis halsen er forma. Nebben ytterst er gulraud. Inne ved rota finn du ein svart klump. Halsen er krøkt. Dei siste åra har det vore svaner ved Fjelanndsbøvatnet.

Svanene passar godt på ungane sine.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal