Det tradisjonsrike motbakkeløpet Ulriken Opp vart arrangert laurdag og fleire uskedelingar markerte seg flott i konkurranseklassane. Det blei konkurrert i ulike løyper. I konkurranseklassane var det Grieg Oppstemten OPP på 2,6 km og Stormfuglen Trail på 5,3 km. Søstrene Solveig (bildet) og Veslemøy Haugland deltok i sistnemnde løype, og dei gjorde ein svært god innsats i den harde konkuuransen i klasse K 23/34. Solveig hamna på ein imponerande 2. plass i klassen med Veslemøy på 5. plass vel 3 minutt bak. Blant alle kvinnene som deltok, kom Solveig heilt oppe på 8. plass medan Veslemøy var nr.12.
Ungguten William Samland Eik og veteranen Oddmund Soldal sprang Grieg Oppstemten Opp. William gjorde eit godt løp og kom på 3.plass i sin klasse, M 14/15, medan Oddmund Soldal fekk best tid i sin klasse, M 55/59. Av alle menn blei William nr. 18, medan Oddmund blei nr. 27 om lag 2,5 minutt bak ungguten.

Sprekt levert av alle fire!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Privat foto frå Grenda 2022