Suverent største leveransen til Ukraina frå Uskedalslageret.

Det var svært stor aktivitet då THK-traileren blei lasta opp ved lageret hos Kvinnherad Vekst laurdag. Det krydde av folk, både vaksne og barn, og med god organisering vart traileren lasta opp i rekordfart.
Det var også ein del som leverte varer som skulle sendast. Lageret har nemleg vore stengt for mottak i seinare tid fordi det har vore stappfullt.
– Dette er den suverent største sendinga vi har sendt frå lageret, og det er spesielt imponerande sidan vi leverte ein full trailer i april, fortel eldsjela bak det heile, Tormod Myklebust.

Også på laurdag kom det inn mykje nyttige gåver.
Mange effektive og hjelpande hender i arbeid.

Tormod er svært takksam for gjevargleda til både privatpersonar og firma, og han er overvelda over det gode frammøtet av hjelparar til opplastinga laurdag.
-Det er alltid spennande når traileren skal lastast. Kjem det folk for å hjelpa? Nokre var kontakta på forhånd, men som alltid, kom det veldig mange i tillegg. Eg trur at på det meste var det over 30 med smått og stort. Det er viktig at ungane får oppleva å hjelpa Ukraina, fortel eldsjela svært fornøgd.
THK er svært takksame for den store hjelpa om det gode tiltaket som kjem frå alle kantar. Tormod avsluttar med å retta ei takk til alle desse.
– Vi takkar alle som bidreg på ulike måtar. Vi må takka Tor Vidar og Kvinnherad Vekstbedrift for at vi får ha lager der. Gratis!! Skulle vi ha betalt kvadratmeterpris i alle desse åra, ja, så vågar eg ikkje tenkja på, kva den summen ville bli. Lokalavisene og Uskedalssida må og takkast.

Kvinner og menn, unge og vaksne hjelpte til.
Flinke ungdommar etter at traileren er fyllt.
Velfortent pust etter særs god innsats.

I morgon, mandag, køyrer traileren frå Haugesund, med sjåførar frå området der.

Mandag legg ein full trailer av garde frå Haugesund.
Tekst: Thor Inge Døssland
Foto: Tormod Myklebust/Thor Inge Døssland
Nett: Thor Inge Døssland