I ein serie innlegg om Kommunevalet og dei ulike partia sine program er vi komne til Sosalistisk Venstreparti. Wermund Vetrhus frå Uskedalen er kumulert på ein 3. plass på lista. Den dagen SV var på stand i Uskedalen, var Wermund sjuk og kunne såleis ikkje møta. På standen møtte vi 1. kandidaten Silje Nordtveit Olsen og 2. kandidaten Hildegunn H. Tofte. Uskedalen.no har likevel utfordra Vetrhus til å sei litt om SV sin politikk relatert til tre tema i Uskedalen: 1. Trafikksikring 2.Sentrumsutvikling. 3. Landbruk. Partia skriv lite konkret om tiltak i dei einskilde bygdene. Progammet skal vera for heile kommunen. Svara under er eit utdrag frå det Wermund skriv.

Trafikksikring – gang og sykkelveg til Steinsletto. SV vil leggja til rette for at folk kan ferdast trygt til fots, på sykkel eller med rullator, slik at dei som ikkje har førarkort, også kan ha ein fullverdig kvardag. SV vil ha gang- og sykkelveg langs fylkesvegen frå Utålker til Løfallstrand. I Uskedalen bør ein vurdera kryssing av elva nederst i osen, slik at ein får knytta sentrum saman med Eik på ein meir lettvint måte, og at ein dermed slepp å ta av landbruksareal for å laga G/S-veg.

Sentrumsutvikling – områdeplan for Uskedalen. Sentrum er noko ein har jobba med før. Det er positivt at Uskedalen er definert som eit lokalsenter. Då må ein og leggja opp til at vi skal vera eit lokalsenter. Fokus må vera sentrum frå Brekketoppen til Uskedal bru. Vurder om det er plass til fleire bustader i Skårhaug. Burde det vore 30-sona der det i dag er 40-sona? Fortau på begge sider av vegen?

Landbruket. SV vil styrka landbruket med fokus på jordvern og gjennom ei støtteordning for å legga om drifta for dei resterande bøndene som må legga om drifta innan 10 år. Dei som ikkje har starta prosessen med omlegging, må få hjelp til det økonomisk.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal