LivOGLyst-prosjektet har allereie byrja å gje positiv effekt i bygdemiljøet. Fredag kveld arrangerte dei ein særs kjekk quiz-kveld i Helgheim med svært godt frammøte. Drivkrafta bak dette positive tiltaket var alltid aktive og dyktige Solveig Haugland. Ho hadde god hjelp av søstera Veslemøy, og i tillegg hadde ho fått Bjarte Døssland til å debutera i rolla som quizmaster. Sjølvsagt kom han framifrå frå denne oppgåve og der han leia deltakarane gjennom fem ulike kategoriar. Alle desse tre fortener mykje ros både for initiativet og gjennomføringa av den sosiale, spennande og lærerike kveldstunda.

Godt frammøte på den vellukka quizkvelden.

Etter at Solveig Haugland hadde ønskt velkommen, kunne deltakarane forsyna seg med gratis frukt, snacks og kaffi. Dei som ønskte anna å drikka, kunne ha med det sjølv.

Stemninga rundt borda var alt god då quizmaster Bjarte tredde fram for å leia dei 9 seksmannslaga gjennom 5 ulike kategoriar. Etter dei to første, der tema var Yrke og Gamle ord frå Kvinnherad, var det ein kort pause. Stillinga då var at skarpskodde karar i Elitelaget leia 3 poeng føre Pål sine hanar.
Etter pausen og nye forsyningar frå snacksbordet, var det klart for 3 nye tema, Historie, Kroppen og Geografi der quizmasteren hadde gjort ein god jobb med å formulera spørsmåla på finurlege, humoristiske og faglege måtar med til dels høg vanskegrad. I denne bolken kom laget Tre rabiate kvinnfolk og tre quiztelege menn som ei kule og vann med 32 poeng etter at dei hadde lege på delt 4.plass midtveis. Vinnarlaget bestod av Malin Flodstrøm Meland, Tørres Skaaluren, Katrine Yri Røssland, Helge Sunde, Susanne Ripel Eriksen og Jostein Sandvik, som vi ser f.v. på bildet øverst. Pål sine hanar (Pål Haugland, Per Myklebust, Knut Steinsletten, Svein Rimestad, Tore Nordal Pedersen og Thor Inge Døssland) stod også distansen godt og sikra seg andreplassen (30 p) føre Nederlaget (27). Vi kan seia at det var spenning til siste slutt. Alle laga gjorde ein super innsats og kan sjå på seg som vinnarar.

Solveig Haugland lova at det kunne bli fleire slike kveldar, og hausta stor appaus for det. Tydeleg at publikum sette pris på tiltaket, og vi bøyer oss imponert i støvet for det positive engasjentet hennar.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland