Uskedal Helselag er i godt driv! I dag var styret og mange medlemmer i sving då dei arrangerte ein flott aktivitetsdag. Underteikna fekk nok ikkje alt med seg sidan han sat bak tubaen på litt avstand og sytte for bakgrunnsmusikk saman med Veteranbandet og Skorpeguten. Likevel var det lett å registrera svært god aktivitet som gjekk med liv og lyst for store og små på ulike stasjonar. Det var mykje å velja i, og dei fleste var med på mange aktivitetar. For kvar aktivitet dei var med på, fekk dei ein lapp med aktiviteten sin spesielle farge. Når dei hadde vore med på tre ulike aktivitetar, kunne dei ta seg ein tur i kiosken og få seg ein is som premie. Her galt det å vera med på mest mogeleg!!! I tillegg var det gode fiskeburgarar og saft gratis til alle. Bildet over viser stort engasjement i jeppekonkurransen!

Luftige svev over hoppetauet!
Treffsikker på frisbee-golf!
ANDI, gammal og kjekk leik med mykje engasjement.

På dei ulike stasjonane registrerte eg at dei leika andi, jeppa, prøvde frisbee-golf, hinka paradis, hoppa tau og hoppa strikk. Alt blei gjort med smil om munnen og leikande godt humør. Både barn og vaksne kosa seg. I tillegg kunne dei gå løypa i hjartemarsjen og løysa oppgåvene der. Dette var eit blinkskot!! Dei som ikkje var der, gjekk verkeleg glipp av noko. Det var svært godt frammøte, og veret var på lag. Neste gong helselaget drar i gang slike helsebringande tiltak bør det bli enda fleire!

Tiar på terningen til Uskedal Helselag!!!

I kiosken var alt gratis, både isen dei fekk til premiar og gode fiskeburgarar a la Hjønnevåg og saft å drikke til.
Musikkveteranane la øvinga til skuleområdet og sytte for frisk bakgrunnsmusikk.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Jofrid Eik og Thor Inge Døssland.