Styret i Uskedal utvikling held fram inntil eit evt. nytt val. Det var vanskeleg å finna ei god løysing på valet på årsmøte i kveld. Laget ynskjer fornying og vil arbeida med å finna nye krefter som kan vera med i styret og i den vidare drifta av Uskedal utvikling. Valnemnda var ikkje på møte og dermed vart det heller ikkje lagt fram namn på nye styremedlemer. Framlagd rekneskap er ikkje ferdig revidert. Det vert lagt fram for godkjenning på eit seinare møte. Årsmeldinga fortel elles om god drift på nokre område, slik som Dugnadsgruppa sitt areid, Kafe Tiaren og nettsida uskedalen.no. Trafikksikringsgruppa jobbar godt. Gamleskulen er mykje brukt og det trengst vedlikehald og nyinvesteringar. Etter oppstartmøte på Liv og Lyst har ei gruppe på 8 personar engasjert seg med å finna fram til gode tiltak. Kari Bråtun og Hanna Kjærland er i leiarrollen. Oddbjørn Kroka var ikkje med då bilete av styret vart teke.

Frammøte til årsmøte er ikkje det beste for tida, men sitjande styret fekk ros for det arbeidet som er gjort.

Meir frå årsmøte kjem i eigne innlegg. Berre ni personar møtte fram til årsmøte. Styret ser slik ut:

  • Egil Myhre – leiar
  • Remi Onarheim – rekneskap
  • Steinar Kroka – styremedlem
  • Gunn Mari Moberg – styremedlem
  • Oddbjørn Kroka – styremedlem
  • Berit H. Døssland – 1. varamedlem