Torsdagar i oddetalsveker mellom kl.11 og 14 har Uskedal Helselag strikkesamlingar. Då eg var innom torsdag for mest to veker sidan, var det god stemning rundt borda. Det var klirring frå strikkepinnar, og drøsen gjekk godt. Minuset var at dei berre var 4, og dei ønskte seg langt fleire på tilbodet. Kan det vera at det gode tiltaket er for lite kjent??
Komande torsdag, 24. oktober, inviterer dei til ny strikkesamling, og framover blir det alle torsdagar i oddetalsveker. Alle er hjarteleg velkomne til ei sosial stund med eller utan strikketøy. Det blir servert kaffi og te.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland