Strålande start på Vedlotteriet.
Som bildet viser, skein sola på loddseljarane Åse og Jofrid, då dei starta salget av lodd i nytt vedlotteri i utestova ved Spar Uskedalen på laurdag. Og det er heilt naturleg at sola skin på dei og resten av styret for det svært gode arbeidet som blir gjort på Stemneplassen. Loddsalget gjekk også strålande, og i tillegg var det svært god stemning i utestova der folk sette seg ned og prata. Loddseljarane spanderte Jofrid sine velkjende og særs velsmakande lappar, og Spar Uskedalen spanderte kaffi. Retteleg koseleg var det!
Loddsalget vil gå fram til desember då dei heldige vinnarane blir trekt ut. Gevinstane er som vanleg 15, 10 og 5 sekker ved, men i tillegg er det noko heilt nytt blant gevinstane denne gongen: ein spennande ekstragevinst! Loddprisen er, som før, 100,- kr, og det gjev store vinnarsjansar.
Dei som ikkje har fått kjøpt lodd, kan støtta det gode arbeidet på Stemneplassen med å kjøpa lodd på nett. Det er enkelt. Ein kan enten vippsa ein hundrelapp pr. lodd til 60 55 65 eller betala inn til konto 3460.07.53659, og merka det med “Lodd”.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland