Strålande museumsdag med mykje folk.
Oppstart av kverna og framifrå føredrag
Mykje folk møtte opp til museumsdagen på Rødtunet i går. Publikum kom frå heile Kvinnherad, frå heile strekninga frå Hatlestrand og Åkra til Halsnøy. I tillegg var det tilreisande på helgebesøk i bygda. Men så var det ein festdag og! Etter dårleg vedlikehald var det fare for at det vakre bygdetunet skulle gå over i historien for godt for nokre år sidan. Men etter formidabel innsats frå dugnadsgruppa og god hjelp frå kommunen framstår det no i ein mykje betre tilstand sjølv om det framleis er ting som bør gjerast.


Medan publikum kom til tuns, blei dei møtt av vakre og iøyrefallande tonar frå ei Nine-piece-gruppe i Uskedal Musikklag. Publikumstilstrøyminga var god. Det er vanskeleg å anslå talet når ein er ute, men alt før programmet byrja talde eg til over 80. Det fortel at det var godt over 100 på tilstellinga.

Programmet starta nede ved kverna der Kristian Bringedal ønskte velkommen og orienterte om historia til Bygdetunet Rød før han gav mikrofonen til Pål Haugland som saman med Kurt Haugland, supplert av Audun Eik, fortalde om det store arbeidet som dugnadsgruppa har gjort med stalltaket, førstehjelp på taket på hovudhuset og ikkje minst på kverna. Dugnadsgruppa skal også ha stor del av æra for at det kom i gong eit arbeid på Rød. Det var eit brev til Statsforvaltaren saman med ein påfølgjande artikkel av Jorunn Larsen i Grenda som gjorde at politikarane blei klare over tilstanden på bygningane, og løyvde 1 million kroner. Totalt har kommunen etter det bidrege med 2,1 mill.


Etter denne orienteringa var det klart for å starta kverna. Normalt ville det ikkje gått med så lite vatn, men i det nye slåket, som er laga lik det gamle, er det lagt inn en patent som gjer at dei kan samla opp litt vatn. Dermed fekk ein gong på kverna, og både born og eldre fekk sjå korleis malinga av korn føregjekk. Stunda ved kverna blei krydra med eit par nummer av gruppa frå Uskedal Musikklag.


Neste post i det todelte programmet føregjekk oppe ved hovudhuset. Der venta rosina i pølsa. Jørn Øyrehagen Sunde var tilbake der han starta som formidlar, som omvisar to somrar rundt 1990. Med utgangspunkt i livet på Rødtunet, samarbeidet rundt kvernene, og arbeidet og den gode praten som føregjekk blant bøndene på Døssland, der han voks opp, heldt han eit aldeles glitrande føredrag under temaet “Bygdetunet Rød og naboskap, historisk medvit og demokrati”. Med utgangspunkt i det lokale trekte han historiske linjer fram mot dagens utfordringar som einsemd og stadig færre velfungerande demokrati. Glitrande framført, slik ein berre kan få det frå han som mange meiner er Norges beste formidlar. “Han er alltid god, men dette trur eg er det beste eg har høyrt han”, var det ein som sa, og det var fleire som kom med liknande uttalar. Eg sluttar meg til desse. Eg har høyrt Jørn mange gonger, og det er alltid heilt spesielt å høyra han på heimebane. Ordet seier at det er vanskeleg å bli profet i eiga bygd. Dette motbeviser Jørn så til dei grader!


Det er viktig at barna ikkje blir gløymde ein slik dag. Dei og hadde det kjekt. Grunneigarane, Siv og Atle, ordna det slik at dei fekk både spikra og spikka då dei laga seg båtar. Gode vafler sette både borna og dei vaksne pris på. Det sytte Uskedal Helselag for. Dei selde og kaffi og saft. I tillegg var det styltemeisterskap (eiga sak).
Det var ein strålande dag på Rødtunet. No må vi håpa på at det igjen vert hyppig brukt. Viktigare enn nokon gong er museumsbesøka for dei som veks opp, slik Jørn sa det i føredraget sitt. Vi håpar at skular ser den store verdien, og at kommunen legg til rette for det. Og så håpar eg at museumsdagen blir årviss igjen.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland