Det er ikkje berre i Uskedalselva det er storleik på fisken. Hanne Hauge sender oss dette bilete og fortel at denne torsken er den største ho nokon gong har vore med og fiska. Torsken vart teken på garn. Ho hadde ikkje vekt for hand. Difor vart ikkje torsken vegen. Fiskeplassen er Beinavikjo tett ved der ho bur. Takk til Hanne som ville dela denne hendinga på uskedalen.no.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat